måndag 4 april 2011

Blåmåndag for HA-utlendingar

Sende ut av landet av politiet i morges.

Dei utanlandske Hells Angels-medlemmane som deltok på festen på Braut i helga, måtte i dag forlata Jæren og Noreg.

– Alle er nå sende ut, stadfestar operasjonsleiar Charles Bøgild ved Rogaland politidistrikt til jbl.no i føremiddag.

Han kjenner ikkje til at det blir ei vidare rettsleg forfølging av festdeltakarane.

Stavanger Aftenblad melde seint i går kveld at utsending var neste steg i planen til politiet.

Til saman 26 personar, frå Danmark, Tyskland, Luxemburg og Serbia, blei i helga pågripne på Braut eller før dei nådde så langt.
http://jbl.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=24113

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar